Eg er svært nøgd, sa Stockhausen!

Bergens Tidende


Var festspeldirektør Beyer klår over at Stockhausen faktisk var der? I Håkonshallen onsdag?

Stockhausen Stimmung, Bergen Festspillene, 3. juni 2015.

5 ud af 6 hjerter

DET VAR FEST i Håkonshallen, sjølv om nesten alle låg og sov! Eg hadde også sovna om eg hadde lagt meg ned. Og det var instruksen frå kveldens ensemble: Ein skulle leggje seg ned under tonane. Og kva er meir naturleg når kveldens happening var ein overtonefest? Då er det berre å liggje under tonane som svever like under det rojale taket på Håkonshallen.

DET LEGENDARISKE vokalensemblet Theatre ofVoices – eit internasjonalt høgdepunkt på årets festspel – hadde også instruert Håkonshallen-roadiane om litt til: Alle dei splitter nye stolane skulle ut. Inn med puter og teppe. Og dette var ein nesten like fin bruk av Håkonshallen som då Bergljot Jonsdottir var festspeldirektør. Performance-konserten med Joe Coleman og Mot-orpsycho nett her i 2001 var uforgløymeleg.

Onsdag kveld denne veka sat eg igjen på ein benk her og lengta ned til golvet. (Sidan eg skulle melde konserten for bladet, måtte eg vere vaken og sitje oppreist.) Men det vart etter kvart utfordrande å sitje under overtonane. Det heile vart nærast ei rituell greie.

«STIMMUNG» av Karlheinz Stockhausen er eit uhyre spanande vokalverk fylt til randa med materie. Eit verk som sonderer fonetikkens potensial i kombinasjon med alskens vokalteknikkar. Eit verk som består av lange meditative (svevn dyssande) strekk brotne opp av fonetiske rytmiske parti. Dei meditative partia var sekvensar med røter langt attende – til mellomalderens vokalpolyfoni, gregorianikk og responsoriale song.

«Stimmung» er eit verk som tydeleggjer forholdet Stockhausen hadde til sakral korm usikk. Songarane på kne kring det vesle bordet og ljoskula i Håkonshallen forsterka dette inntrykket. Theatre of Voices er blant verdas fremste innan tidleg korsong.

OG LIVE er «Stimmung» ei fantastisk oppleving. Overtone myriadane slangar seg gjennom rommet og minner om tonar frå Sibir og Tibet. Overtonesong er noko som bind svært saman mange urfolk musikalsk. Eg har ikkje plass til å nemne alt som gav stor glede her i kveld. Eit regionalt høgdepunkt må eg trekke fram: Variasjonen over «jau» og «jao» gjorde vossingane i hallen glade.

Til slutt vil eg anbefale festspeldirektør Beyer sin kronikk om Stockhausen i BT nyleg. Her får ein innblikk i mytedanninga kring Stockhausen.

DET IKKJE BEYER SKREIV, var at Stockhausen kom til å vere til stades. Midt i konserten fann eg ut at han sat på benken ved sidan av meg (og haldt seg dermed vaken slik som meg). Hans Hagen Stockhausen frå Hamburg er ein ivrig sam-tidsmusikkfan og har budd i Bergen i ei årrekkje. Eg tok tak i Stockhausen etter konserten, og han kunne straks melde tilbake: Jau då, Stockhausen var svært nøgd med kveldens Stockhausen!

ANMELDT AV NICHOLAS MØLLERHAUG

Previous
Previous

Samstemt rundt bordet

Next
Next

Defining a new standard of vocal mastery